søndag 12. desember 2010

Fødd i går

Sitter her og blar i en diktsamling av Halldis Moren Vesaas som jeg har fått i kalendergave. Jeg kjenner dessverre altfor lite til denne dikteren, men det skal jeg nå bøte på.

Fødd i går

I kveld er eg makelaust, grenselaust glad!
Til far min, ærverdig og grå,
som var eg hans likemann gjekk eg i stad
og gav han eit velmeint råd:
Det skulle du gjere, så vidt eg forstår!
Han retta på ryggen, far:
Kva skjønar vel du, var det kalde svar,
du som vart fødd i går!

Vart eg fødd i går?- Eg vart fødd i går!
- Eg skunda meg derfrå
Og no ser eg først at det lid mot vår
og himlen er blank og blå.
Eg kalla meg sliten, eg kjende meg mødd
og trudde all glede endt,
no veit eg at ingenting har meg hendt,
eg som i går vart fødd!

Og eg som har vasa om skodde og sky,
om vonbrot og tapte slag
- eg står i mitt første strålande gry,
skal legge frå land just i dag!
Eg som så vidt fylte tjue år - 
kva veit eg sorgene, eg!
Min strenge far - Gud velsigne deg!
Visst vart eg fødd i går!

Halldis Moren Vesaas i Harpe og dolk (1929)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.